Nynorsk | Bokmål

Kva betyr dette for deg?

Dette betyr at du skal få ein straumleverandør som er endå betre! Det å vise deg namnet vårt er første steg. Første steg på vegen mot smartare teknologi, effektive løysingar og betre oversikt. Eit steg mot ein enklare straumkvardag for bedrifter og folk flest. Vi har med oss det beste frå alle selskapa – menneska. Dei som kjenner deg, nærområdet ditt og som brenn for god kundeservice. Den nye drakta vår tek vi ikkje i bruk før til hausten, så inntil vidare er telefonnummer, heimesider og faktura som før.  

Vi lovar å halde deg oppdatert, og har samla nokre spørsmål og svar som vi tenker kan vere naturleg at du sit med.

Kven slår seg saman?

Det er straumselskapa til TAFJORD (Tafjord Marked), Sogn og Fjordane Energi (SFE Kraft), Tussa (Tussa-24) og Sognekraft (Sognekraft Straum). Altså den delen av konserna som sel straumen. Dei resterande selskapa i dei fire konserna er ikkje omfatta av samarbeidet og vil halde fram som før.

Kvifor slår de saman straumselskapa?

Vi slår oss saman for å bli endå betre. For å kunne vere ein konkurransedyktig aktør med framtidsretta produkt og tenester for deg, samtidig som vi får eit større fag- og kompetansemiljø. Det å bli stor er ikkje noko mål i seg sjølv, men å bli stor nok til å gjere ting betre, og utvikle oss i riktig retning - det er viktig.

Kva heiter det nye selskapet?

Det nye straumselskapet heiter Wattn! Vi boblar over av entusiasme, og håpar du likar namnet like godt som oss.

Kva skjer no?

Vi er godt i gong, og jobbar no på spreng for å utvikle endå betre produkt og tenester for deg. Samtidig treng vi litt tid til å bli kjent med kvarandre, og for å skape dei beste løysingane for deg. Foreløpig vil du derfor ikkje merke noko forandring.

Kva skjer med straumavtalen min?

Du treng ikkje gjere noko. Vi er framleis din lokale straumleverandør.

Kven får eg faktura frå?

Du vil framleis få fakturaen din frå det straumselskapet som du er kunde hos i dag. Så er du f. eks. kunde hos TAFJORD, kjem fakturaen din framleis frå TAFJORD. Slik vil det vere fram til lansering av Wattn i haust.

Kva skjer med Avtalegiro og eFaktura?

Dersom du har Avtalegiro/eFaktura i dag, vidarefører vi desse avtalene. Du treng ikkje gjere noko sjølv.

Kva skjer med gjennomfakturering og samlefaktura?

Dei som har gjennomfakturering i dag, straum og nettleige på same faktura, vil framleis få det.
For dei som har internett, TV eller andre tenester frå Tussa og TAFJORD vil de frå i haust av dessverre ikkje få samlefaktura med straum og internett/digital-tv.

Får de fleire produkt og tenester?

Vi skal framleis tilby gode og konkurransedyktige straumavtaler. Samtidig som vi har planer om å auke produkt- og tenestetilbodet vårt. Vi klarer nesten ikkje å vente med å få vise deg kva som kjem.

Kva skjer med kundeappen?

Tussa og SFE Kraft tilbyr i dag kundeapp, og denne kan du bruke akkurat som før. Samtidig jobbar vi med å gjere denne tenesta endå betre! Ny, spennande kundeapp vert lansert i haust, det er berre å gle seg!

Vil eg miste historiske data?

Tvert imot, vi arbeider for å gjere data endå meir tilgjengeleg for deg. Alle data vil ligge tilgjengeleg på kundeside og i kundeapp.

Kva skjer med arbeidsplassar og lokalt engasjement?

Alle som jobba i dei ulike selskapa er med vidare! Og du treng aldri å vere i tvil om at vi er det lokale straumselskapet ditt. No kan du faktisk finne oss fleire plassar i lokalområdet. Vi har kontor på Sandane, Førde, Florø, Vik i Sogn, Ørsta og Ålesund.
I Wattn ønsker vi å bidra til vekst og utvikling, og på den måten vise samfunnsengasjementet vårt. Vi gler oss til å vise meir av dette utover hausten.

Vil det bli endring i straumavtalen til bedrifta mi?

De vil behalde dagens avtaler og vilkår.

Kva med produkt og tenester som de tilbyr i dag?

Vi skal framleis tilby gode og konkurransedyktige straumavtaler. Samtidig vil vi lansere nye produkt og tenester utover hausten. Bedriftsportalen er eit av dei nye tilboda til alle bedriftskundane våre. Det er ei moderne rapporteringsløysing som gir samla kontroll over forbruk og kostnader på ein plass.

Kva skjer med EnergiArena?

EnergiArena er eit miljøprogram som bedriftskundar i TAFJORD har hatt tilgang på. Vi kan med glede seie at dette programmet blir no tilgjengeleg for alle bedriftskundar som ønsker det. Vi jobbar heile tida for at produkt og tenester skal bli betre, og vi lovar eit fullspekka EnergiArena-program til hausten.

Får bedrifta mi same kundebehandlar?

Alle dei dyktige kunderådgjevarane våre er med oss vidare i Wattn, og saman er vi endå sterkare fagleg. Vi bygger no eit samla kompetanseteam der rådgjevarane får ulike roller med ulike fagområde. Felles er at alle er her for å tene deg som kunde best mogleg.

Mister vi kundehistorikk og viktig data?

Tvert imot, vi arbeider for å gjere data endå meir tilgjengeleg. Alle data vil bli liggande i databasen vår.

Wattn

På lag med dei unge. I kampen for klimaet. På lag med dei travle. Dei som treng enkle vilkår og god service. På lag med ny teknologi. Dei som frydar seg over å ha full kontroll, og smarte tips i lomma. For glede handlar mykje om det vi får til saman.

Effekten av å spele på lag.

Folkets Fotavtrykk

Som stolt partnar i Folkets Fotavtrykk skal vi i lag med det offentlege, næringslivet og innbyggjarane jobbe for å nå FN sine klimamål. Frå hausten av legg vi til rette for at du kan redusere ditt straumforbruk, slik at dine berekraftige val også kan vise igjen i klimakartet.

Les meir